web analytics
ølsmaking

Gardsferie i Mytiske Telemark sommaren 2023

23. juli til 4. august inviterer me enkeltgjester, familiar og små grupper til eit minneverdig opphald på Uppigard Natadal. Desse vekene vert det servert frukost og 3-rettars middag kvar dag. Om du søkjer rolege dagar kan me anbefale å slå seg ned på ein av uteplassane rundt om på tunet eller å leggje seg på ei solseng ved gardens eigen badedam, Laugartjønn. For dei meir aktive vil det vera tilbod om ulike aktivitetar på garden og i nærområdet: smaking av gardens mange ølslag (Natadalsbrygg), standup-kåseri, surdeigbaking i baksteomn, fjellturar, bygdevandring, stølsbesøk, kunstopplevingar og utforsking av tradisjonelle handtverk. Me vil forsøke å tilpasse dagsprogram etter gjestene sine ønskje. Les meir om aktivitetane her.

  • Overnatting i dobbeltrom med bad, frukost og 3-rettars middag: 1230 – 1300 kr per person
  • Overnatting i tosengsrom med delt bad, frukost og 3-rettars middag: 1100 kr per person
  • Enkeltromstillegg: 260 kr

Førespurnadsskjema / tingingsskjema