web analytics

Aktivitetar sommaren 2023

Frå 23. juli til 4. august 2023 har me tilbod om overnatting med halvpensjon og aktivitetar også for enkeltgjester. Dato for dei ulike aktivitetane i denne perioden er enno ikkje låst. Det er difor fritt fram til å ønske seg aktivitetar på lista i den perioden du planlegg å koma. Legg gjerne inn ein kommentar på tingingsskjemaet så skal me gjere vårt beste for å oppfylle ønska.

Enkelte arrangement har eigen pris for born. Grensa for born er under 12 år. Born under 4 år er gratis dersom dei ikkje skal ha mat der det er ein del av aktiviteten.

Førespurnad om opphald og ønskje om aktivitetar kan de legge inn her.

Aktivitetar på garden

Kåseri

35 minutt, gratis, stort sett kvar ettermiddag
Opplev «storbonden» Dag på Uppigard Natadal i eit muntert, kulturhistorisk stand-uppigard-kåseri. Dag var tidlegare ein del av P2 sin faste kåseristall, og kanskje blir det gjenhøyr med enkelte av godbitane derfrå.

Ølsmaking

1 time, 350 kr
Einkvar gard med respekt for seg sjølv må ha eige øl, så også med Natadal. Kjetil er ølbryggjaren og han elskar å eksperimentere med gamle og nye oppskrifter. Gjestene blir tatt med på ei reise i ølverda frå den lettaste lager til den mørke stouten, og ikkje minst øl som smakar av skikkeleg Telemarksnatur – sju slag til saman.

Baking av surdeigsbrød i baksteomn

3 timar, 300 kr
Surdeigsbaking er Tone sin store lidenskap og surdeigskulturen har også fylgt med på eit par flyttelass utanlands gjennom dei siste åra. Ein vil i denne aktiviteten vera med og friske surdeigskulturen, sette brøddeigar, tøme omnen for glør og steike brød av surdeig sett dagen før (vi må ta ein «Ingrid Espelid» då deigen blir best om han får stå ei tid). Vi avsluttar med ein smak av det ferske brødet.

Takkebakst

1,5 timar, 150 kr
I denne aktiviteten kan små og store under kyndig rettleiing få testa kjevletekket når klingdeigen skal omdannast til tynn og fine leivar. Etter ein kort tur innom takka er det klart for å smøre klingen med eit fyll som gjer det nesten umogleg å stoppe å ete. Ein må rekne med mykje «kvalitetssikring» av baksten under aktiviteten.


Aktivitetar i nærområdet

Fjelltur med guide på Skorve

5 – 6 timar + 40 minutt køyring kvar veg, 12 – 13 km,
550/275 kr (inkludert matpakke)

Skorve er fjellet som ligg mitt i synet frå Uppigard Natadal. Skorve har i fleire hundre år vore eit ynda motiv for mang ein stor målar. Denne dagen vil vi ta fjellet frå Seljordsida, nærare bestemt Kivledalen. I tillegg til flott utsikt og vakker natur vil det amerikanske flyvraket frå 1944 vera ein av hovudattraksjonane på turen. Lunsj blir heimesmurt matpakke. Om gruppa er klar for det, tar vi turen opp på Gøysen (1369 m.o.h) som er høgaste punkt på Skorve.

Fjelltur med guide på Mælefjell

ca. 5 timar, 10,4 km, 550/275 kr (inkludert matpakke)
Turen til Mælefjell startar med ein kort køyretur oppover fjellvegen frå Uppigard Natadal. Ved enden av vegen (ca. 800 m.o.h) startar sjølve fjellturen etter merka sti opp til høgaste punktet på Mælefjell på 1414 meter. Fyrste del av turen er litt bratt. Så flatar det meir ut og blir god sti opp mot høgfjellet. Siste delen av turen går gjennom ur med store steinar, mest som eit månelandskap. Denne delen av turen krev godt skotøy. Frå toppen har ein flott utsikt mot Hjartdal. Lunsj blir eigen matpakke.

Fjelltur med guide til Bindingsnuten

2 – 3 timar, 7 km, 300/150 kr
Bindingsnuten er ein ikkje altfor lang fjelltur som passar for dei fleste born. Frå toppen (768 moh) har ein panoramautsikt over Flatdal. Bindingsnuten er fjellet der Ljose-Signe held til, den eine av dei tre gygrene som vaktar over bygda. 

Fjelltur med guide til Bosnuten

3 – 4 timar + 1 time køyring kvar veg, 8,4 km,
550/275 kr (inkludert matpakke)

Turen startar i krysset Varlandsvegen/Rv 37 i Rauland (940 m.o.h). Her går ein i flott fjellbjørkeskog som blir meir og meir glissen jo lenger opp ein kjem. Det er nydeleg utsikt heile vegen opp til toppen (1431 m.o.h.) der ein får panoramautsikt mot Gaustatoppen, Brattefjell, Vindeggen, Møsvatn og innover Hardangervidda. Det er stort sett god sti heile vegen og turen passar godt for både born og vaksne. 

Staulen Kråkeroe ligg berre 5 km unna og ein kombinasjon av Bosnuten og Kråkeroestaulen kan vera ein fin heildagsutflukt.

Kråkeroe-staulen

2 timar + 1 time køyring kva veg, 300 kr (lunsj + omvisning)
På Kråkeroe får ein eit tett møte med kyra og naturen. Eigaren, Sondre, tar oss med på ei reise tilbake i tid og fortel om tru og overtru frå staulslivet i gamledagar. Det vert også omvising i meieriet og til slutt ein nydeleg rjomegraut-lunsj laga av rjome produsert på staulen.

Utsikt, kyrkje og landsbyvandring

2 timar, 250/100 kr
I 2020 opna Sogevegen gjennom Flatdal. Første stopp på denne turen er det nye utsiktspunktet der ein kan nyte Flatdals-landsbyen i fugleperspektiv. Turen går vidare til kyrkja i bygda som storbonden på Natadal var hovudsponsor for på 1700-talet. Etter omvising i kyrkja vert det lokalhistorisk vandring i landsbyen, ein av veldig få landsbyar i Noreg. 

Kunstnarhotellet Nutheim

ca. 2 timar, 500 kr inkludert omvisning og lunsj, minimum 6 personar
På Nutheim blir vi møtt av vertinna Ellen og tatt med på omvising i Hjartdal gamle prestegard som blei flytta til Nutheim i 1962. Saftige historiar frå bondeopprøret i Hjartdal i 1540 vil kunne sette varige spor i sarte sjeler. Etter omvisinga ber det til bords der vi blir serverte ein saftig Flatdalshamburgar med hyllebærsaft.

Telespinn

ca. 2 timar + 10 minutt køyring kvar veg, 250 kr
Telespinn er eit lite, lokalt spinneri med butikkutsal på garden Midt-Svartdal. Her produserer Bjørg og hjelparane hennar eige garn og tar i mot fiber for leigespinning. Hos Telespinn blir vi ønskt velkomen av gründaren og eigaren Bjørg som fortel om oppstart og historia rundt spinneriet. Vi får deretter omvising i spinneriet der vi får oppleve korleis ull blir til garn og sjå dei ulike maskinane. Det vert også servert kaffi og kake før besøket blir avrunda med ein tur i garnbutikken.

Bygdevandring, mylle og stule i Hjartdal

ca. 4 timar + 15 minutt køyring kvar veg, pris kjem
Hjartdal er er ein aktiv bygd med mykje skog, flotte fjell og eit særmerka kulturlandskap. Vår tur startar ved kyrkja med bygdevandring saman med lokal guide. Vi tar turen inn nyrestaurerte Holm landhandel, og dei som ynskjer å bade kan svinge nedom badeplassen. Vandringa endar med omvising i  Hjartdal bygdemylle, ei mylle som framleis er i aktiv bruk. Ved mylla er det også mogleg å få seg ein dukkert. Etter omvisinga tar vi ein køyretur opp i fjellet og avsluttar turen på Bjordal-stulen. Der får vi servert rjomegraut laga på lokale råvarer, og det er også mogleg å få innsyn i ysting og annan matproduksjon som skjer på stulen.

Funnerfellen

1,5 time + 20 minutt køyring kvar veg, 250 kr, minimum 4 personar
Hos Brit Merete Funner i Hjartdal får ein kultur i fleire former og på høgt nivå. I eldhuset på garden Øvre Funner er du velkomen til å sjå og høyre om produksjon av dei vakraste saueskinnsfellar dekorert med lokale skinnfellroser. Brit Merete fortel i ord og folketonar om saueskinnfellen, i både eit lokalt, historisk og mytisk perspektiv, og er du interessert i skinnfellsaum og skinntrykk, kan du få eit innblikk i teknikken. 

Opplevinga kan for dei som er interesserte i handverk og skinn spesielt, utvidast med ein liten workshop der du sjølv kan få prøve deg med å lage skinnkort, skinnhjerte eller pulsvarmar. 
Funnerfellen kan fint kombinerast med bygdevandring, mylle og stule til ein full dag i Hjartdal.