Om oss
Bonden på Uppigard Natadal, Dag, er ikkje nokon heilt vanleg Telemarksbonde. Han er yngst av 12 sysken, fødd i Beitstad, oppvaksen på Nøtterøy og Nesodden. Som yngstemann fekk han ein overdose av folkeeventyr; det var grunnen til at han måtte til Telemark.
På rosemåla skuter køyrde han om somrane rundt i Vest-Telemark på leit etter ei jente med odel på gard. Lagnaden ville det likevel annleis og han fall for Mette, ei ekte byjente frå Drammen (utan gard).

Draumen om Telemark blei snart eit fellesprosjekt og etter kort tid var dei busett på folkehøgskulen i Seljord. Ønsket om ein gard blei òg oppfylt og i 1979 kunne familien på fem flytte inn i nyrestaurert våningshus på Uppigard Natadal i Flatdal.
For Dag og Mette starta eventyret som eit heit vanleg småbruk med litt bratte lier og mykje manuelt arbeid kombinert med lærarjobbar. Men når ein forelskar seg så hovudstups i ein plass, vil ein gjerne dele det med nokon. Det som byrja med ope hus for vener blei snart til sommargjester, busslaster til lunsj og etter kvart heilårsdrift med eit bredt spekter av tilreisande.

I 40 år har Uppigard Natadal hovudsakeleg vore Dag og Mette sitt prosjekt, men dei tre barna Mikkel, Tone og Kjersti, har òg hatt sine økter med å hjelpe til på garden og i turistnæringa. No er det snart tid for å la neste generasjon koma til og setje sitt preg på bruket.
Frå juli 2023 tar Tone og mannen hennar, Kjetil, over vertskapsrollen på Uppigard Natadal. Kjetil kjem frå Siljan og er kvalifisert som telemarking sjølv om det er på feil side av kulturgrensa.
Tone og Kjetil har med sine tre born budd mesteparten av sitt vaksne liv i Stavanger og jobba i ”oljå”. Men det er aldri for seint å prøve noko anna, og då blir det altså som vertskap på Uppigard Natadal.
Draumen til Tone og Kjetil er å dele med seg alt det vakre Vest-Telemark har å by på. Samtidig vil dei gje gjestene ei litt annleis oppleving på ein fjellgard der svartedauden kan hende enno sit att i veggane.
