web analytics
Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Bygdevandring, mylne og støl i Hjartdal

24/07/2021 @ 10:00 14:00

Grannebygda Hjartdal er ein fjell- og landbrukskommune med spreidd busetnad, og stor satsing på turisme, hyttebygging, jakt og fiske. Her er mykje frisk skog, flotte fjell og eit sermerka kulturlandskap. Turen vår startar ved kyrkja med bygdevandring saman med lokal guide. Vi tek turen inn nyrestaurerte Holm landhandel, og dei som ynskjer å bade kan svinge nedom badeplassen. Vandringa endar med omvising i  Hjartdal bygdemylle, ei mylne som framleis er i aktiv bruk. Ved mylna er det også mogleg å få seg ein dukkert. Etter omvising tek vi ein køyretur opp i fjellet og avsluttar turen på Bjordal-stulen. Der får vi servert rjomegraut laga på lokale råvarer, og det er også mogleg å få innsyn i ysting og annan matproduksjon som skjer på stølen

200kr–400kr born – vaksen

Hjartdal

Holmsvegen 78
Hjartdal,
+ Google-kart