web analytics
Sommarprogram 2021

Sommarprogram 2021

I sommar vil vi legge til rette for opphald for enkeltgjester og små grupper med middagsservering i perioden 11. – 31. juli.

Om ein ønskjer å roe heilt ned ved badedammen på garden eller utforske fjell og musear i nær omkrets skal det vera nok å ta seg til for å fylle nokre dagar. Dei to siste vekene i juli vil vi også arrangere daglege aktivitetar på garden og i nærområdet som gjestene kan delta på. Vi satsar då på aktivitetar som ikkje er like greie å arrangere på eiga hand. Vi har lagt ein foreløpig dag-for-dag plan som vi vil forsøke å halde på så sant vêrgudane ikkje er heilt imot oss.

Enkelte arrangement har eigen pris for born. Grensa for born er under 12 år. Born under 4 år er gratis dersom dei ikkje skal ha mat der det er ein del av aktiviteten.

Fullt program dag for dag finn du her.

Førespurnad/tingingsskjema

Aktivitetar i nærleiken:

Rørtveit gard – Natadalsvegen

På garden Rørtveit driv Kathrine og Gunleik med kjøtproduksjon av sau, storfe og litt gris. Bli med på vandring i kulturlandskapet og lær om gardens unike dyrehald bygd på kjærleik og omsut for dyra.

Kai Fjell-tunet – Natadalsvegen

På slutten av 30-tallet kjøpte Kai Fjell ei tomt på Minnesjord i Flatdal som frå då av blei familiens faste sommarplass. Kai Fjell samla på gamle hus og bygde opp eit vakkert tun som også vart smykka ut med kunstarens eigne verk. No er det sonen Bamse og svigerdotter Gro som held tradisjonane i hevd på tunet. Bli med på ein tur tett på kunstnaren Kai Fjell med omvising i husa og få høyre personlege historiar framført av sonen Bamse.

Utsyn, kyrkje og landsbyvandring i Flatdal

I fjor sommar opna Sogevegen gjennom Flatdal. Fyrste stoppen på denne turen er det nye utsynspunktet der ein kan nyte Flatdals-landsbyen i fugleperspektiv. Turen går vidare til kyrkja i bygda som storbonden på  Natadal var sponsor for på 1700-talet. Etter omvising i kyrkja, vert det lokalhistorisk vandring i landsbyen, ein av veldig få landsbyar i Noreg.

Telespinn i Svartdal

Telespinn er eit lite, lokalt spinneri med butikkutsal på garden Midt-Svartdal. Her produserer Bjørg og hjelparane hennar eige garn og tar i mot fiber for leigespinning. Hos Telespinn blir vi ønskt velkomen av gründaren og eigaren Bjørg som fortel om oppstart og historia rundt spinneriet. Vi får etter det omvising i spinneriet der vi får oppleve korleis ull blir til garn og sjå dei ulike maskinane. Det blir også servert kaffi og kake før besøket blir avslutta  med ein tur i garnbutikken.

Nutheim

På Nutheim blir vi møtte av vertskapet Solveig og Ellen og tekne med på omvising i Hjartdal gamle prestegard som blei flytta til Nutheim i 1962. Saftige historiar frå bondeopprøret i Hjartdal i 1540 vil kunne setje varige spor i sarte sjelar. Etter omvisinga ber det til bords der vi blir serverte ein saftig Flatdalshamburgar.

Fjelltur på Skorve

Skorve er fjellet som ligg mitt i synet frå Uppigard Natadal. Skorve har i fleire hundreår vore eit ynda motiv for mang ein stor målar. Denne dagen vil vi gå opp på fjellet frå Seljordsida, nærare bestemt Kivledalen, der vi møter turleiaren vår. I tillegg til flott utsyn og vakker natur vil det amerikanske flyvraket frå 1944 vera ein av hovudattraksjonane på turen. Lunsj blir heimesmurt matpakke. Om gruppa er klar for det, tek vi turen opp på Gøysen (1369 m.o.h) som er høgaste punkt på Skorve.

Lafting, støl og knivmakar i Rauland

Dette er ein heildagstur i Raulandsområdet. Turen startar med eit besøk på eit laftebygg under oppføring av Flatdal handlaft. Johan, sjefen sjølv, møter oss og fortel om korleis den tradisjonsrike bedrifta driv med destinasjonsutvikling tufta på gamal byggjeskikk. 
Etter det går reisa vidare til stølen Kråkeroe. På Kråkeroe-staulen får ein eit tett møte med kyra og naturen. Eigaren, Sondre, tar oss med på ei reise tilbake i tid og fortel om tru og overtru frå stølslivet i gamle dagar. Det vert også omvising i meieriet og til slutt ein nydeleg rjomegraut-lunsj laga av rjome produsert på stølen.
Siste stopp denne dagen er hos knivkunstnaren Arne Martin Solbjør. Arne Martin har laga knivar sidan han var ung gut og er i dag rekna for å vera ein av landets dyktigaste knivmakarar. Hos Arne Martin får vi ei innføring i prosessen rundt produksjon og utsmykking av kniv og slire i Telemarkstradisjonen.

Bygdevandring, mylne og støl i Hjartdal

Grannebygda Hjartdal er ein fjell- og landbrukskommune med spreidd busetnad, og stor satsing på turisme, hyttebygging, jakt og fiske. Her er mykje frisk skog, flotte fjell og eit sermerka kulturlandskap. Turen vår startar ved kyrkja med bygdevandring saman med lokal guide. Vi tek turen inn nyrestaurerte Holm landhandel, og dei som ynskjer å bade kan svinge nedom badeplassen. Vandringa endar med omvising i  Hjartdal bygdemylle, ei mylne som framleis er i aktiv bruk. Ved mylna er det også mogleg å få seg ein dukkert. Etter omvising tek vi ein køyretur opp i fjellet og avsluttar turen på Bjordal-stulen. Der får vi servert rjomegraut laga på lokale råvarer, og det er også mogleg å få innsyn i ysting og annan matproduksjon som skjer på stølen.

Aktivitetar på garden:

Kåseri

Opplev «storbonden» Dag på Uppigard Natadal i eit muntert, kulturhistorisk stand-uppigard-kåseri. Dag var tidlegare ein del av NRK-P2 sin faste kåseristall, og kanskje blir det gjenhøyr med enkelte av godbitane derifrå.

Ølsmaking

Alle gardar med respekt for sine gjester må ha eige øl, så også med Natadal. Svigersonen på garden, Kjetil, er ølbryggjaren, og han elskar å eksperimentere med gamle og nye oppskrifter. Gjestene blir tekne med på ei reise i ølverda frå den lettaste lager-typen til den mørke stouten, og ikkje minst øl som smakar av skikkeleg Telemarksnatur – sju slag til saman.

Baking av surdeigsbrød i baksteomn

Surdeigsbaking er dottera på Natadal, Tone, sin store lidenskap og surdeigskulturen har også vore med på eit par flyttelass utanlands gjennom dei siste åra. Medan Tone tar seg av deigane, er mora Mette sjef for fyring av baksteomnen. Ein vil i denne aktiviteten vera med og friske surdeigskulturen, sette brøddeigar, tøme omnen for glør og steike brød av surdeig sett dagen før (vi må ta ein «Ingrid Espelid» då deigen blir best om han får stå ei tid). Vi avsluttar med ein smak av det ferske brødet.

Takkebakst

Den eigenlege sjefen på garden, Mette, er også ansvarleg for takka. På denne aktiviteten kan små og store under kyndig rettleiing av Mette få testa kjevletekket når klingdeigen skal skapast om til tynne og fine leivar. Etter ein kort tur innom takka er det klart for å smørje klingen med eit fyll som gjer det nesten umogleg å stoppe å ete. Ein må rekne med mykje «kvalitetssikring» av baksten under aktiviteten.

Gudsteneste på tunet

Seljord sokn har kvart år olsokgudsteneste ute på Natadal. Det er sokneprest Dag Harald Undheim som har gudstenesta.