web analytics

Møte, seminar, lagbygging

Førespurnad / tingingsskjema

Vi kan ha dagsmøte eller samling med overnatting med opp til 20-30 deltakarar. Dersom de ønsker sosiale aktivitetar i tillegg, kan vi tilby til dømes natur/kultursti, jacuzzi og grillhytte eller smaking av gardens eige brygg.

Dagsmøte:
Lunsj, 2-rettars: kr 380
Kaffi/te, kake, frukt: kr 120 per servering

Minstepris for full dag inkludert møterom (7 timar) kr 8 000


Lunsj til lunsj pakke (vekedag):
To-rettars lunsj
Kaffi/te, kake og frukt på møtet
Møterom med wifi og utstyr for videokonferanse
Mottaking i Gamlestoga med servering av aperitiff før middag
Dagens tre-rettars middag
Ei overnatting
Frukost
Kaffi, kake og frukt på møtet
To-rettars lunsj

Ekstra dag:
Møterom etter lunsj m/kaffi, kake og frukt
Dagens tre-rettars middag
Ei overnatting til
Frukost
Møterom m/kaffi, kake og frukt
To-rettars lunsj

PAKKEPRISAR (2024):
Inntil 10 personar, enkeltrom: Kr 2 800 p.p. (Minstepris: kr 20 000), ekstra dag + kr 2 300 p.p
11 – 20 personar, enkeltrom: Kr 2 600 p.p., ekstra dag + kr 2 100 p.p.
21 – 30 personar fordelt på 20 rom: Kr 2 500 p.p, ekstra dag + 2 000 p.p.

Er det ønskeleg med fleire rom, kan vi ordne med rom på Nutheim gjestgiveri, 3 km herfrå.

Leige av møterom er inkludert i serveringsprisen, men vil bli skilt ut på fakturaen på grunn av ulik moms.

Romkapasitet (sjå overnattingsprisar for detaljer)

Gjesterom totalt:20
Rom med eigen dusj/toalett:10
Senger:43
Bankett:90 personar

Møte/seminar opp til 10 deltakarar: Alle får enkeltrom med bad.
Møte/seminar 11 – 20 deltakarar: Alle får enkeltrom, men nokre må dele bad.

Les om vilkår for tinging og betaling her.