web analytics
Jolekortdag

Jolekortdag

Sundag 5. desember kl. 13 – 16 kan du sikre årets jolekortbilete på Uppigard Natadal i Flatdal. Kl. 14 -16 vert det servert stor jolelunsj basert på gardens produkt. Pris kr. 400 p.p., kr. 200 for born 4 – 11 år, for lunsj og hjelp til rigging av bakgrunn.
Ungane kan også hoppe i høyet og ake på fiskekjelke.
Ein må gjerne ta med eigen profesjonell fotograf, som kan hende også vil kunne få oppdrag for andre familiar.

Nordre Nes har gardsbutikk og sel eplemosten sin.

Påmelding via e-post dag@natadal.no eller tlf. 906 06 100.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *