web analytics

Dagsbesøk

Busstur, gruppereise. Minst 10 personar – maksimalt 100 personar.  Små grupper kan bli slegne saman med andre under kåseri, men får eigne serveringsrom. Besøket kan vare frå to til fire timar. Noko tungvint for rullestolbrukarar, men det er rullestolrampe opp til festsalen/matsalen. Ein må utatt og inn i etasjen under for å koma på toalett for funksjonshemma. Personalet hjelper gjerne til. 

Program :
1. Muntert kåseri (kultur-stand-up) om tradisjon og overtru, og om livet på garden no. På norsk, bokmål eller engelsk. 35 minuttar.
2. Omvising på tunet og i Gamle-stoga. Eventyrforteljing. 20 minuttar.
3. Servering. NB: Berre enkel borddekking, ikkje festbord
4. Sal av lokale produkt: Store, brune egg frå frittgåande høns: kr 35 for 12 egg, prospektkort: kr 10, Vesaas-kurv: kr 200 pr pølse (1.1 kg),  Kviteseid-smør: kr 70. 3 ltr. eplemost frå Tone Ness: kr 140. Natadals rabarbra-chutney, 200 gram: kr 50. Krus med bilete av Natadal, kr 90
5. Guida vandring i kulturlandskapet.20 minuttar. Berre aktuelt for gjester som kan gå 700 m på skogssti. Godt fottøy. Ikkje tilrådd i regnver. Må tingast særskilt.
6. Evt. andre aktivitetar. Klikk på Aktivitetar
7. Evt. fagforedrag om gardsturisme, reiseliv, folkeminne, pedagogikk, litteratur eller landbruk.


Prisar for dagsbesøk, inkl. programmet 
    1.   Natadalsdugurd med lokal mat (Spesifisert under MENYAR).Kaffi, lefse: kr 440
          (For grupper over 20  gjester)
    2.   Stor lunsjbuffet med varm mat, dessertar, kaffi, kake: kr 475. (Same som «Stort lunsjbord» på våre Catering-sider ) (For grupper over 25 gjester)
    3.   Liten lunsjbuffet med ein varmrett, enkel dessert, kaffi:kr 370 (For grupper over 20 gjester)
    4.   Rjomegraut, spekemat, eggerøre, kaffi, kake: kr 335
    5.   Jolemat (Ribbe, gardens medisterkaker, medisterpølse), riskrem, kaffi, kake: kr 390
    6.   Vesaaskurv (Salta, røykt sauepølse) med kålrotstappe, enkel dessert, kaffi, kake: kr 305
    7.   Kaffi, to rundstykke, kake: kr 180 pr person 
    8.   Kaffi, kake: kr 135 pr person 
    9.   Besøk utan servering: kr 95 pr person

Prisane gjeld i 2022 og 2023
Ein kan også velje vanleg middagsservering, sjå menyar og prisar under Menyar
Førespurnadsskjema / tingingsskjema

Les om vilkår for tinging og betaling her.