web analytics

Bryllup – bryllupspakker – bryllupslokale

Plass til 80 gjester i Gildehallen og 10 gjester på trevet.


GARDSBRYLLUP

Kuvertprisen er 1100 kr (gjeld i 2024) og omfattar:

  • Detaljert planlegging av arrangementet
  • Kaffi og snack ved ankomst etter vigsla
  • Regi av det som skjer mellom vigsla og bordseta (Mottaking av brudeparet, kåseri om gamle bryllaupsskikkar, omvising i Gamlestoga, prosesjon inn i festsalen)
  • Festbordet pynta med sylvkandelabrar og blomeoppsatsar
  • Fire-rettars festmiddag
  • Kaffiservering rett etter middag
  • Organisering av brudevals oppå ein hoggestabbe (stabbedansen)
  • Kakebord med kaffi, bryllaupskake, kransekake, lefse og medbrakte kaker
  • Nattmat
  • Inkludert overnatting for brudeparet

Det er ikkje høve til å ta med alkoholhaldig drikke.

Døme på program:
Kl 15.30 Gjestene kjem til gards etter brurevigsla
Kl 15.30 Servering av kaffi, mineralvatn og kringle på øvre tunet
Kl 16.00 Omvising i Gamlestoga for spesielt interesserte
Kl 16.15 «Buskspel» på hardingfele av spelemannen (tillegg i pris)
Kl 16.25 Alle får høge glas med musserande vin (tillegg i pris) eller alkoholfritt
Kl 16.30 Mottaking av brudeparet på øvre tunet med musserande vin, skåle med brudeparet.
Kl 16.35 Spelemannen spelar brudeslått
Kl 16.40 Muntert kåseri (på norsk, bokmål eller engelsk) om garden og gamle bryllaupsskikkar
Kl 16.55 Gjestene i prosesjon frå øvre tunet innom fonteneplassen og inn i festsalen
Kl 17.00 Firerettars festmiddag i Gildehallen med fyr på peis og lys langs veggane
Kl 21.00 Baren opnar
Kl 21.00 Etter middag: Servering av kaffi og avec (tillegg i pris)
Kl 22.00 Stabbedans. Brudevalsen skal dansast oppå ein hoggestabbe. Dersom
             dei ikkje dett ned, blir det eit langt og godt ekteskap. Etterpå: Vanleg
             brudevals, vals og dans for alle
Kl 22.30 Kakebord med kaffi, mineralvatn, bryllaupskake, kransekake, lefse og
              medbrakte kaker. Kakeskjering med brudeparet.
Kl 23.00 Dansen held fram
Kl 01.30 Servering av nattmat
Kl 03.00 Baren stenger

Større grupper (over 60) kan oppnå visse rabattar. Barn under 12 år som skal ha plass ved festbordet, går for halv pris.

Vi kan også få smeden Øyvind Klausen til å koma i bryllupsgarden og smi brudeparet i hymens lekkjer etter kåseriet. Brudeparet får då kvar sin brudefigur i reint stål, og desse er forbundne med kjetting til kvar sitt hjarte. Medan brudeparet held i figurane, blir desse hjarta samansveisne på ambolten av smeden. Dette er ein høgtideleg seremoni med rot i gamal europeisk tradisjon.

Treng de hjelp til andre ting ved bryllupet, kan de finne det i Skien ved denne linken: Bryllupsfeen

Les om vilkår for tinging og betaling her.