Events, incentiv, team building
Gratis aktivitetar:
- Muntert, kulturhistorisk kåseri om tradisjon og overtru (stand-up), 35 min. (Minst 15 pers.)
- Omvising i hus og tun, 20 min.
- Guida vandring i kulturlandskapet, 20 min (berre sommar).
- Turgåing opp mot Mælefjell.
- Vandring til fossen i Kjøtåi, 2 km.
- Bade i gardens tjern med brygger, båt, sandstrand, sklie, grill og volleyballbane.
- Vera med på fjosstell: Gris og høns.
- Vera med på slåttonn, raking, innkøyring og breie i låven.
- Hoppe i høyet.
- Overnatte i høyet.
- Klatre i klatrevegg inne på låven.
- Ake ned gamlevegen på fiskekjelkar.
- Finsk, vedfyrt badstoge med honninginnsmøring
- Kraftig forsterkaranlegg med store høgtalarar i «Salomos Høysal» (Festsalen). Trådlaus mikrofon og mygg.
- Spela på flygelet i «Salomos Høysal»
Til vanleg kan ein rekne med at gardens folk er med på aktivitetar, men det er ikkje alltid tilfelle.
Betalte aktivitetar:
- Kultursti, med øksekasting, hesteskokast, vasslekkasjehindring, ro-konkurranse, klatrevegg, 1 – 2 timar, kr 1560 pr gruppe, inkl.premie: 1 fl. musserande vin
- Spa – heilårsbading i vedfyrt, utandørs badestamp (boblebadestamp) med plass til 11 (når gode vener). Store handkle og 14 badekåper til disposisjon. Grillhytte (16 plassar rundt bålet) like ved til servering og grilling. Der er det 16 ekspl. av Folkehøgskulens songbok, så allsongen har gode vilkår utover natta! Kr 1450 pr gruppe, inkl. oppfyring i grillhytte.
- Lagbygging og gruppedynamikk. Øving i å samarbeide med ulike mennesketyper. V/amanuensis Dag Aanderaa. 2 – 4 timar, kr 1000 pr time. (Sjå spesifikasjon)
- Hardingfeleinnslag. 30 min. kr 1500
- Hardingfele, kveding, teledans. Seljord Spelemannslag. 45 – 60 min., kr 3000 – 6000 (Sjå spesifikasjon)
- Multikunstner Bente Lindvig, frå Kivledalen tilbyr: «En vandring i undring, kjærlighet og trass, ord og toner.» 25 min. Kr 2300
- Konsert: Folkemusikktrioen «Glima»(Sjå spesifikasjon)
- Konsert: RAM-JAM. Allsidig profesjonell gruppe, (Sjå spesifikasjon)
- Konsert: SPUTNIK m/Vivian. Inntil 45 min.
- Lære å danse telegangar til hardingfele. 1 time, kr 2400
- Lære å bake flatbrød (braud) og lefse (kling), kr 750 pr time. Maks 6 deltakarar
- Lær å bake surdeigsbrød i baksteomn, 350 kr per person. Maks 6 deltakarar.
- Fossegrimsafari. Guida folkloretur til fossen i Kjøtåi, 2 km. Kaste ut kjøtbein til vasstrollet Fossegrimen og høyre han spela hardingfele i fossen. 90 minuttar. Kr 475 pr gruppe. Ein kan også ta med ein spelemann med hardingfele. Han/ho vil då spela dei same slåttane som Fossegrimen. Då blir det eit tillegg på kr 1500.
Aktivitetar i omegnen:
- Galleribesøk hos målaren Ellen Grøstad Barstad på Nutheim. 3 km. Kr 125 pr person.
- Besøk i Eva Bull Holtes biletgalleri, åmotsdal. 20 km.
- Besøk i Seljord Kunstforenings «Kunstlåve», Seljord. 16 km
- Telespinn i Svartdal, 5 km. Omvisning i spinneriet + servering av kaffe og kake. Høve til å handle garn og strikkevarer av Mohairgeit-ull. Kr. 225 per person.
- Åmotsdal handverksutsal. 15 km
- Norsk Skieventyr, Morgedal. 30 km
- Ridesenter. 15 km
- Fisking i Seljordsvatnet. Fiskekort kr 15. 16 km.
- Alpinanlegg, Rauland. 50 km
- Telemarkskanalen, «Victoria» og «Henrik Ibsen». Kviteseid. 35 km
- Utsyn, kyrkje og landsbyvandring i Flatdal. 5 km. Kr 200 per person. Gudsteneste i Flatdal kyrkje kvar fjerde sundag kl. 11.
- Bygdevandring, mylne og støl (sommarstid) i Hjartdal. 11 km. Kr 400 per person.
Spesifikasjonar:
3. Lagbygging og gruppedynamikk
Litt teori om menneskeleg væremåte. Gruppeoppgåve basert på å finne gode sider ved vanskelege mennesketyper. Drøfting av fordomar. øvingsoppgåve med å rangere fiktive personar etter kva for sympati vi har for deira handlingar. Også opplæring og praksis i gruppedynamikk. Faglærar: Amanuensis Dag Aanderaa.

5. Seljord spelemannslag
7 – 15 hardingfelespelarar. Spelar lokale slåttar, springar og gangar samt gamaldansslåttar på Hardingfele. Dersom det er ynskjeleg kan dei by på kveding og framsyning av dans med eit dansepar som syner gangar og springar. Kan også lære bort gangar og spele til dans. Leiar i laget: Torunn Raftevold Rue.
Laget er eit idealistisk tiltak som gjer mykje for å få ungdom til å drive med folkemusikk. Vi oppmodar difor til sponsing utover grunnprisen.
Profesjonell folkesmusikktrio som spelar norsk folkemusikk, mest frå Telemark og Vestlandet i eigne arrangement. Både som konsert og til dans. Med Torunn Raftevold Rue (hardingfele, flatfele), Ragnhild Knudsen (bratsj, hardingfele) og Helene Waage (cello, kveding).
9. RAM-JAM
Profesjonell gruppe som spelar finsk tango, sigøynermusikk, «Riverdance», Balkan, norsk folkemusikk, Evert Taube, sving osb. «Alt-mogleg-band» som skaper liv og treffer hos både unge og gamle. Konsert og/eller dansespel.Med Vidar Ytre-Arne ( fiolin, el-bass), Ragnhild Knudsen (bratsj, hardingfele), Helene Waage (cello, vokal) og Oddbjørn Aase (trekkspel, gitar).