web analytics

Om oss

Uppigard Natadal har vore i familien sidan Dag og Mette kjøpte bruket tidleg på 70-talet. For Dag og Mette starta eventyret som eit heit vanleg småbruk med litt bratte lier og mykje manuelt arbeid kombinert med lærarjobbar. Men når ein forelskar seg så hovudstups i ein plass, vil ein gjerne dele det med nokon. Det som byrja med ope hus for vener blei snart til sommargjester, busslaster til lunsj og etter kvart heilårsdrift med eit bredt spekter av tilreisande. 

I 40 år har Uppigard Natadal hovudsakeleg vore Dag og Mette sitt prosjekt, men dei tre barna Mikkel, Tone og Kjersti, har òg hatt sine økter med å hjelpe til på garden og i turistnæringa.

Frå juli 2023 tok Tone og mannen hennar, Kjetil, over vertskapsrollen på Uppigard Natadal. Kjetil kjem frå Siljan og er kvalifisert som telemarking sjølv om det er på feil side av kulturgrensa.

Tone og Kjetil har med sine tre born budd mesteparten av sitt vaksne liv i Stavanger og jobba i ”oljå”. Men det er aldri for seint å prøve noko anna, og då blei det altså som vertskap på Uppigard Natadal.

Draumen til Tone og Kjetil er å dele med seg alt det vakre Vest-Telemark har å by på. Samtidig vil dei gje gjestene ei litt annleis oppleving på ein fjellgard der svartedauden kan hende enno sit att i veggane.

ølsmaking