web analytics

Events, incentiv, team building

Gratis aktivitetar:

  1. Muntert, kulturhistorisk kåseri om tradisjon og overtru (stand-up), 35 min. (Minst 15 pers.)
  2. Omvising i hus og tun, 20 min.
  3. Guida vandring i kulturlandskapet, 20 min (berre sommar).
  4. Turgåing opp mot Mælefjell.
  5. Vandring til fossen i Kjøtåi, 2 km.
  6. Bade i gardens tjern med brygger, båt, sandstrand, sklie, grill og volleyballbane.
  7. Vera med på fjosstell: Gris og høns.
  8. Vera med på slåttonn, raking, hesjing, innkøyring og breie i låven. 
  9. Hoppe i høyet.
  10. Overnatte i høyet.
  11. Klatre i klatrevegg inne på låven.
  12. Ake ned gamlevegen på fiskekjelkar.
  13. Finsk, vedfyrt badstoge med honninginnsmøring
  14. Kraftig forsterkaranlegg med store høgtalarar i «Salomos Høysal» (Festsalen). Trådlaus mikrofon og mygg.
  15. Spela på flygelet i «Salomos Høysal» 

Til vanleg kan ein rekne med at gardens folk er med på aktivitetar, men det er ikkje alltid tilfelle.

Betalte aktivitetar:

  1. Kultursti, med øksekasting, hesteskokast, vasslekkasjehindring, ro-konkurranse, klatrevegg, 1 – 2 timar, kr 1490 pr gruppe, inkl.premie: 1 fl. musserande vin
  2. Heilårsbading i vedfyrt, utandørs badestamp (boblebadestamp) med plass til 11 (når gode vener). Store handkle og 14 badekåper til disposisjon. Grillhytte (16 plassar rundt bålet) like ved til servering og grilling. Der er det 16 ekspl. av Folkehøgskulens songbok, så allsongen har gode vilkår utover natta! Kr 1375 pr gruppe, inkl. oppfyring i grillhytte. 
  3. Lagbygging og gruppedynamikk. Øving i å samarbeide med ulike mennesketyper. V/amanuensis Dag Aanderaa. 2 – 4 timar, kr 925 pr time. (Sjå spesifikasjon)
  4. Hardingfeleinnslag. 15 min. kr 1400
  5. Hardingfele, kveding, teledans. Seljord Spelemannslag. 45 – 60 min., kr 3000 – 6000 (Sjå spesifikasjon)
  6. ølsmaking med sju slag øl frå Fjellbryggeriet. Kr. 250 pr. person. 
  7. Lyrikk og musikk om natur og mysterium. 20 – 45 min., kr 1500. (Sjå spesifikasjon)
  8. Konsert: Folkemusikktrioen «Glima»(Sjå spesifikasjon)
  9. Konsert: RAM-JAM. Allsidig profesjonell gruppe,  (Sjå spesifikasjon)
  10. Konsert: SPUTNIK m/Vivian. Inntil 45 min. 
  11. Lære å danse telegangar til hardingfele. 1 time, kr 2300
  12. Lære å bake flatbrød (braud) og lefse (kling), kr 750 pr time. Max 6 deltakarar
  13. Lære skinnarbeid eller plantefarging, 
  14. Lære å lage knivskaft og slire, 3 x 4 timar, 
  15. å lage berre knivskaftet: 3 timar. Max. 8 deltakarar. Får ferdig knivblad og slire. Materialkostnad og undervisning: 
  16. Fossegrimsafari. Guida folkloretur til fossen i Kjøtåi, 2 km. Kaste ut kjøtbein til vasstrollet Fossegrimen og høyre han spela hardingfele i fossen. 90 minuttar. Kr 450 pr gruppe. Ein kan også ta med ein spelemann med hardingfele. Han/ho vil då spela dei same slåttane som Fossegrimen. Då blir det eit tillegg på kr 1400. 

Aktivitetar i omegnen:

  1. Galleribesøk hos målaren Ellen Grøstad Barstad på Nutheim. 3 km. Kr 100 pr person
  2. Besøk i Eva Bull Holtes biletgalleri, åmotsdal. 20 km.
  3. Besøk i Seljord Kunstforenings «Kunstlåve», Seljord. 16 km
  4. Telespinn i Svartdal, 5 km. Hekling av sitjeunderlag. Høve til å handle garn og strikkevarer av Mohairgeit-ull.
  5. Åmotsdal handverksutsal. 15 km
  6. Norsk Skieventyr, Morgedal. 30 km
  7. Ridesenter. 15 km
  8. Fisking i Seljordsvatnet. Fiskekort kr 15. 16 km.
  9. Alpinanlegg, Rauland. 50 km
  10. Telemarkskanalen, «Victoria» og «Henrik Ibsen». Kviteseid. 35 km
  11. Gudsteneste i Flatdal kyrkje kvar fjerde sundag kl. 11. 

Spesifikasjonar:

3. Lagbygging og gruppedynamikk
Litt teori om menneskeleg væremåte. Gruppeoppgåve basert på å finne gode sider ved vanskelege mennesketyper. Drøfting av fordomar. øvingsoppgåve med å rangere fiktive personar etter kva for sympati vi har for deira handlingar. Også opplæring og praksis i gruppedynamikk. Faglærar: Amanuensis Dag Aanderaa.

5. Seljord spelemannslag
7 – 15 hardingfelespelarar. Spelar lokale slåttar, springar og gangar samt gamaldansslåttar på Hardingfele. Dersom det er ynskjeleg kan dei by på kveding og framsyning av dans med eit dansepar som syner gangar og springar. Kan også lære bort gangar og spele til dans. Leiar i laget: Torunn Raftevold Rue.
Laget er eit idealistisk tiltak som gjer mykje for å få ungdom til å drive med folkemusikk. Vi oppmodar difor til sponsing utover grunnprisen.

7. Lyrikk og musikk
Samansett program av allsidig kunstnar, Bente Lindvig. Kåseri, lyrikk og musikk (piano, fløyte, kveding) om mysterium og natur.

8. Glima

Profesjonell folkesmusikktrio som spelar norsk folkemusikk, mest frå Telemark og Vestlandet i eigne arrangement. Både som konsert og til dans. Med Torunn Raftevold Rue (hardingfele, flatfele), Ragnhild Knudsen (bratsj, hardingfele) og Helene Waage (cello, kveding).

9. RAM-JAM
Profesjonell gruppe som spelar finsk tango, sigøynermusikk, «Riverdance», Balkan, norsk folkemusikk, Evert Taube, sving osb. «Alt-mogleg-band» som skaper liv og treffer hos både unge og gamle. Konsert og/eller dansespel.Med Vidar Ytre-Arne ( fiolin, el-bass), Ragnhild Knudsen (bratsj, hardingfele), Helene Waage (cello, vokal) og Oddbjørn Aase (trekkspel, gitar).