web analytics

Bryllaup – bryallupspakker – bryllaupslokale

Plass til 85 gjester i festsalen +10 på trevet (balkong) over festsalen.

ALTERNATIV I: VANLEG BRYLLAUP
Kuvertprisen er 575 kr (gjeld i  2020 og 2021) og omfattar:
* Festpynta bord med sylvkandelabrar og blomeoppsatsar. Kongestolar til brudeparet.
* Trerettars festmiddag der hovudretten går to gonger.
* Kaffiservering rett etter middag.
* Anretting av medbrakte kaker.
* Bruk av salongar og bar fram til kl 03.00.


ALTERNATIV II: GARDSBRYLLAUP

Kuvertprisen er 960 kr (gjeld i  2020 og 2021) og omfattar:

  • Detaljert planlegging av arrangementet. Rettleiing i bordplassering og bordtalarskikken..
  • Bryllaupsgarden pynta med lauv og flagg. Om vinteren: Faklar og flagg.
  • Kaffi, mineralvatn og kringle ved ankomst etter vigsla.
  • Regi av det som skjer mellom vigsla og bordseta (Mottaking av brudeparet, kåseri om gamle bryllaupsskikkar, omvising i Gamlestoga, prosesjon inn i festsalen).
  • Festbordet pynta med sylvkandelabrar og blomeoppsatsar, kongestolar til brudeparet.
  • Trerettars festmiddag der hovudretten går to gonger. 
  • Fri bruk av mineralvatn (brus) og blandevatn i baren.
  • Kaffiservering rett etter middag.
  • Organisering av brudevals oppå ein hoggestabbe (stabbedansen).
  • Kakebord med kaffi, bryllaupskake, kransekake, lefse og medbrakte kaker.
  • Nattmatsuppe med loff. 
  • Gratis velutstyrt bruderom til overnatting for brudeparet.

Det er ikkje høve til å ta med alkoholhaldig drikke.

Større grupper (over 60) kan oppnå visse rabattar, også på bordvinen. Barn under 12 år som skal ha plass ved festbordet, går for halv pris.

Døme på program:
Kl 15.30 Gjestene kjem til gards etter brurevigsla
Kl 15.30 Servering av kaffi, mineralvatn og kringle på øvre tunet.
Kl 16.00 Omvising i Gamlestoga for spesielt interesserte.
Kl 16.15 «Buskspel» på hardingfele av spelemannen. (Innslaga med 
              spelemannen kostar til saman kr 1400 i tillegg)
Kl 16.25 Alle får høge glas med musserande vin (Tillegg kr 275 pr fl.) eller 
             alkoholfritt.
Kl 16.30 Mottaking av brudeparet på øvre tunet, med musserande vin.
             Skål med brudeparet. Dei blir plasserte på kongestolar.
Kl 16.35 Spelemannen spelar brudeslått.
Kl 16.40 Verten, Dag Aanderaa, held muntert kåseri (på norsk, bokmål
              eller engelsk) om garden, friing og gamle bryllaupsskikkar på garden.
Kl 16.55 Gjestene i prosesjon frå øvre tunet innom fonteneplassen og inn i 
              festsalen: Spelemann, kjøkenjentene, brudeparet, forloverane, 
              foreldra, gjestene.
kl 17.00 Trerettars festmiddag i Salomos Høysal. Med fyr på peis og 28 tennte 
              lys på veggane. Hovudretten går to gonger.
Kl.21.00 Baren opnar.
Kl 21.00 Etter middag: Servering av kaffi og avec (Tillegg kr 55 pr glas) i 
            baren. Gjestene blir sitjande i baren, går ut på verandaen, set seg ned
            i gåveromet eller slår seg til i salongen på Trevet.
Kl 22.00 Stabbedans. Brudevalsen skal dansast oppå ein hoggestabbe. Dersom
             dei ikkje dett ned, blir det eit langt og godt ekteskap.Etterpå: Vanleg
             brudevals, vals for alle og dans for alle.
Kl 22.30 Kakebord med kaffi, mineralvatn, bryllaupskake, kransekake, lefse og
              medbrakte kaker. Kakeskjering med brudeparet.
Kl 23.00 Dansen held fram. Dei som heller vil prate, sit i andre salongar.
Kl 01.30 Servering av Natadalssuppe som nattmat, med loff og smør.
Kl 03.00 Baren stenger.

Vi kan også få smeden Øyvind Klausen til å koma i bryllaupsgarden og smi brudeparet i hymens lekkjer etter kåseriet. Brudeparet får då kvar sin brudefigur i reint stål, og desse er forbundne med kjetting til kvar sitt hjarte. Medan brudeparet held i figurane, blir desse hjarto samansveisne på ambolten av smeden. Dette er ein høgtideleg seremoni med rot i gamal europeisk tradisjon.

Treng de hjelp til andre ting ved bryllaupet, kan de finne det i Skien ved denne linken: Bryllupsfeen

Bordoppsett til 24-64 gjester.

Les om vilkår for tinging og betaling her.