web analytics

Kurs/Konferanse

UPPIGARD NATADAL, gjestegard, Seljord, Telemark. Tlf. 350 65 900 eller 906 06 100
Seminar, kick-off, kurs/konferanse og forretningsreise.

Førespurnad / tingingsskjema

Vi kan ha dagsmøte med 50 deltakarar eller overnattingsmøte med opp til 35 deltakarar.

Dagsmøte – prisar:
Møtestart: Kaffi og to rundstykke: kr 90
Natadalsdugurd med mykje lokal mat (Minst 30 personar) (Sjå under menyar): kr 420
Stort lunsjbord med varmrettar og dessertar (minst 30 personar): kr 445
Enkelt lunsjbord med ein varmrett og dessert (minst 10 personar): kr 350
Lunsjtallerken pluss varmrett og dessert: kr290
Rjomegraut, spekemat: kr 305
Sauekurv med kålrotstappe + dessert: kr 290
Ei kaffiservering: kr 40
Kaffi, kake: kr 65
Fruktservering: kr 405

Møtekaffi heile dagen: kr 55 

Konferansepakke
Gjeld alle vekedagar med unnatak av overnatting natt til sundag. 

Pakke A inneheld:
(To-dagars seminar)
Kaffi og rundstykke ved ankomst
Kaffi og frukt på møtet
Velutstyrt møterom, bl.a. med prosjektor og datamaskin
Fri tilgang til trådlaust internettsamband
Lunsjbuffet (lunsjtallerken ved under 12 gjester) med mange kaldrettar, varmrett og dessert.
Evt. underhaldning: 35 min. «kultur-stand-up» med Dag Aanderaa
Mottaking i den private Gamlestoga med servering av aperitiff før middag
Dagens trerettars middag med hovudrett servert to gonger. (Ein kan også velje våre andre 
                    menyar, men det kan bli dyrare) 
Ei overnatting
Frukost
Lunsj: Varm tradisjonsmat og dessert

Pakke B inneheld:
(Tre-dagars seminar)
Pakke A pluss:
Dagens trerettars middag
Ei overnatting til
Frukost
Spekematlunsj. 

PAKKEPRISAR:
Pakke A 12, 2 – 12 personar, enkeltrom: Kr 1855 pr pers. (Minstepris: kr 14 700)
Pakke A 20, 13 – 20 personar, enkeltrom: Kr 1785 pr pers.
Pakke A 25, 21 – 25 personar fordelt på 20 rom: Kr 1625 pr pers.
Pakke A 38, 25 – 38 pers., 6 sg., 9 dbl., 3 trippel, 2 firsengs: kr 1545 pr pers. 

Pakke B 12: Kr 3335 (Minstepris: kr 26 250)
Pakke B 20: Kr 3240
Pakke B 25: Kr 2940
Pakke B 38: Kr 2800

Prisen på pakkene kan reduserast med inntil kr 260 pr døgn dersom ein vil byte ut festmat med kvardagsmat. Ytterlegare rabatt ved fleire døgns opphald. Er det ynskjeleg med fleire rom, kan vi ordne med rom på Nutheim gjestgiveri, 3 km herfrå.
Leige av møterom er inkludert i serveringsprisen, men vil bli skilt ut på fakturaen på grunn av ulik moms.

Romkapasitet (sjå ellers under overnatting)

Gjesterom totalt23
Rom med dusj/toalett10
Rom med skrivebord19
Senger43
Bankett95 personar