web analytics

Om garden

Namnet «Natadal» kjem av at det veks hasselnetar rundt tunet. Garden er truleg frå rundt kring år 1000, fyrste kjende omtale er frå 1423. Eldste hus er øvre del av loftet; eit veslebur frå 1465 som blei ein del av loftet i 1763. Slaggfunn frå myrmalmsmelting tyder på busetnad eller veidefolk frå år 0. På 1700-talet var garden ein storgard med 11 husmannsplassar under seg. No er garden liten når det gjeld jordveg, men desto meir ein eventyrgård. Høgde over havet er 422 m. 

Gardsdrift:
15 høns og  2 grisar. Potetåker, også med litt mandelpoteter, grønsaker, jordbær, bringebær og morellar, 25 da gras. 


Tunet

Eit typisk Vest-Telemarksk rekkjetun med uthusa i rekkje og våningshus på tvers for enden av rekkja.

På tunet står desse ni husa:

Våningshus

(1750, påbygg 1979)
Tømmerhus, torvtak. Seks stoger, 10 soverom, fire bad, storhushaldningskjøken. Kåra til Telemarks mest miljøvennlege hus på grunn av byggjematerialar, søppelsortering og flisfyringsanlegg.

Loft

Dels frå 1465, dels frå 1763.
Tømmer/stavverk, torvtak. Nede er det «museum» og matvarer, oppe er det gjesterom med bad, to køyer og kroneseng. Er freda av Riksantikvaren.

Fjos

(Ca 1750)
Tømmerhus med torvtak. Før: 16 båsplassar. No: Gjestehus med stoge, hems og tre soverom.

Mellombygg

(1996)
Stavverk, torvtak. Forstoge, matsal, storkjøkken, garderobe/toalett. To soverom.

Låve

(1740)
Tømmerhus, torvtak. No innreidd til festsal: «Salomos Høysal», 85 plassar.

Stall

(Ca 1750)
Tømmerhus, torvtak. No gjesterom med bad.

Driftsbygning

(1990)
Stavverk, torvtak/bordtak. Stall, hønehus, sauefjøs, verkstad, låve, lager, garasje. Oppført som byggjeskikkprosjekt i samarbeid med Statens byggjeskikkutval.

Eldhus

(1994)
Tømmerhus, torvtak. Gjestehus, vedfyrt badstoge, to bad, stoge, to soverom.

Nystoga

(2018)
Tømmerhus med torvtak. Opphavleg sauefjos frå ca 1740.
No: Gjestehus med bad og tre sengeplassar.


Elles har garden rasteplass med fonteneanlegg (Fontana di Nati), vedfyrt boblebadestamp, ridebane, volleyballbane, tjern med badeanlegg: Sandstrand, brygge, sklie, båt, solsenger, rastebord og grill.