web analytics

Natur og kultur i hjartet av Telemark

Telemarkstunet Uppigard Natadal

fem flotte dagar til ende…

No med reduserte prisar!

Skjema for førespurnad/bestilling

2020 er året for opplevingar i heimlandet og me kan i sommar tilby ein unik og innhaldsrik turpakke i mytiske Telemark.

Dette er turen for deg som likar å vera i naturen, besøke ein topp, få med litt kultur og samtidig bu og eta lokalt. Alt det praktiske vil bli tilrettelagt av vertskapet og dei lokale guidane, så her er det berre å slappe av og nyte livet.

Då me kun tilbyr 10 rom på desse arrangementa vil det vera begrensa med deltakarar og dermed romsleg med plass på garden. Alle turar vil òg foregå i område med få folk og lite trengsle.

Følg også med på Facebook og Instagram. Der vert det jamnleg lagt ut oppdateringar om garden og aktivitetane:

Du kan velja mellom to ulike veker:

  • Alternativ 1: Tysdag 7. juli kl. 17 til sundag 12. juli kl. 15
  • Alternativ 2: Tysdag 14. juli kl. 17 til sundag 19. juli kl. 15

Basen for veka vil vera Uppigard Natadal med overnatting i gardens mange hus og med heimelaga mat basert på lokale produkt. Her kan du nyte oppmerksomt nærvær i frisk fjelluft.

Dagsprogram

Tysdag:

  • Ankomst
  • Muntert kåseri om gard og tradisjonar, med lokale segner og eventyr ved Dag Aanderaa
  • 3-rettars middag

Onsdag:

  • Frukost
  • Rauland (ca 1 time biltur):
    • Guida fjelltur til Bosnuten med fokus på detaljar i naturen
    • Stølsbesøk på Kråkeroe med lunsj, Sondre Aasan fortel om stølen
  • Besøk hjå knivmakar Arne Martin Solbjør i Øyfjell (sjå video)
  • Ølsmaking med mange sortar Natadalsbrygg ved bryggjar Kjetil Kiste
  • 3-rettars middag

Torsdag:

  • Frukost
  • Flatdal:
    • Guida tur til Bindingsnuten med god utsikt over Flatdal
    • Lunsj på Uppigard Natadal
    • Omvisning på nabogarden Rørtveit med kulturlandskapsvandring og Telemarkskyr
    • Introduksjon til lafting v/Flatdal handlaft
    • Kåseri om Kai Fjell og besøk på plassen hans, Minnesjord, ved sonen Bamse Fjell
  • 3-rettars middag

Fredag:

  • Frukost
  • Fridag – vertskapet vil hjelpe med forslag til fjellturar, kulturbesøk og andre aktivitetar i nærleiken, til dømes:
    • Slappe av ved badedammen Laugartjønn
    • Ta ein tur i nærområdet (sjekk ut appen Fintur)
    • Delta i brødbaking i baksteomn eller baking av kling/braud på takke
    • Leige syklar
    • Besøke Norsk skieventyr
  • Lunsj – pizza rett frå baksteomnen eller matpakke dersom du skal på tur
  • 3-rettars middag

Laurdag:

  • Frukost + matpakke til lunsj
  • Guida topptur til Skorve (Gøysen, 1370 m.o.h., og flyvraka) – flott turområde, ein porsjon krigshistorie og vakker utsikt over Seljord og Flatdal
  • 3-rettars middag

Sundag:

  • Frukost
  • Bake surdeigsbrød i bakaromnen – ta med ferskt brød heim
  • Lunsj og omvising på kunstnarhotellet Nutheim Gjestgiveri
  • Heimreise

Opplevingspakka passar for enkeltgjester, par og små grupper og inkluderer:

  • Fem overnattingar – alle rom har eige bad
  • Alle måltid frå og med middag tysdag til og med lunsj sundag:
    • Frukost på garden
    • Lunsj – servering på utflukter / matpakke / pizza frå gardens bakaromn
    • Tre-rettars middag kvar kveld i festsalen Salomos høysal
  • Guida fjellturar/opplevingar og alle inngangspengar
  • Pris pr person: Kr 7 800
    • Rabatt for 3. person i same rom: Kr 1 000
    • Rabatt for 4. person i same rom: Kr 2 000

Drikke, med unntak av ølsmaking, er ikkje inkludert i prisen.

Bryggmeister Kjetil testar ølet

Transport under utflukter skjer helst i eigne bilar. Dersom nokon ikkje har bil og treng transport, er det mogleg å sitte på med vertskap/guide på turen, dersom det er greit når det gjeld smittereglar.

Skjema for førespurnad/bestilling

Tur på Mælefjell