Allergi
Legediagnostisert allergi må meldast på førehand. Då vil kokken lage noko ekstra godt. Vegetarianarar, veganar og dei med eigendefinert allergi må eta det som blir servert. Men dei kan få eigen meny mot tillegg i prisen.

Kansellering
Kansellering før seks veker (Helger i juni, juli og august:12 veker) til tilskiping: Administrasjonsgebyr på kr 400.-
Kansellering 6 - 2 veker  (Helger i juni, juli og august: 12 veker) før: Kunden må betale 25%
Kansellering 13 - 1 dag før: Kunden må betale 50%
Kansellering same dag eller ikkje møtt (No show): Kunden må betale 100%

I visse tilfelle kan det bli aktuelt å fråvike desse vilkåra på grunn av innsparte råvarer eller nye gjester.

AVBESTILLINGSFORSIKRING
Innan 6 dagar etter mottatt ordre er det høve til å teikne avbestillingsforsikring som gjeld ved legeattestert sjukdom og force majeure. Pris for denne er 3.5% av ordresummen utan drikke.

BETALING
Som regel må 50% av grunnprisen for ei tilskiping betalast ein månad på førehand etter faktura.
Restbetaling skjer med kontantar eller bankkort - ikkje kredittkort. Store bedrifter kan få faktura med forfall etter ti dagar. Utanlandske gjester må hugse å ta med kontantar sidan vi ikkje tek utanlandske bankkort.

ALKOHOL
Selskapsarrangørar bør informere gjestene sine om at vi er underlagt skjenkeløyvelovgjevinga. Det vil seie at det ikkje er høve til å nyte eigen alkoholhaldig drikke i selskapslokala, i badestampen eller ute på tunet.

 

Leverandørvilkår:
Uppigard Natadal vil returnere fakturaar som ikkje som ikkje oppfyller statens krav for kva som skal stå på ein faktura.
Ordrestadfesting skal sendast over epost til:
dag@natadal.no
Leverandørar som sender purring på ein faktura som er betalt, eller som ikkje er sendt, må betale for vår kostnad med rekneskapskontoret, til vanleg kr 500,-. Faktura blir sendt.
Administrasjonsgebyr, leveringsgebyr og/eller fakturagebyr blir ikkje godteke. / Administration fee and invoice fee not accepted.

 

  

 

 

 



Klikk her for utskriftsvenleg versjon