Aktivitetar, events, incentiv, teambuilding

på Uppigard Natadal, Seljord, Telemark. Tlf. 350 65 900
Aktivitetsarrangør for firmatur.

Gratis aktivitetar:

  1. Muntert, kulturhistorisk kåseri om tradisjon og overtru (stand-up), 35 min. (Minst 15 pers.)
  2. Omvising i hus og tun, 20 min.
  3. Guida vandring i kulturlandskapet, 20 min (berre sommar).
  4. Turgåing opp mot Mælefjell.
  5. Vandring til fossen i Kjøtåi, 2 km.
  6. Bade i gardens tjern med brygger, båt, sandstrand, sklie, grill og volleyballbane.
  7. Vera med på fjosstell: Gris, sau og høns.
  8. Vera med på slåttonn, raking, hesjing, innkøyring og breie i låven.
  9. Hoppe i høyet.
  10. Overnatte i høyet.
  11. Klatre i klatrevegg inne på låven.
  12. Ake ned gamlevegen på fiskekjelkar.
  13. Finsk, vedfyrt badstoge med honninginnsmøring
  14. CD-spelar og mulegheit for streame musikk via SONOS. Last ned app "sonos"  på din smart-telefon eller nettbrett for å velje og styre musikken. Kraftig forsterkaranlegg med store høgtalarar i "Salomos Høysal" (Festsalen). Trådlaus mikrofon og mygg.
  15. Spela på flygelet i "Salomos Høysal"

Til vanleg kan ein rekne med at gardens folk er med på aktivitetar, men det er ikkje alltid tilfelle.

 

Betalte aktivitetar

  1. Kultursti, med øksekasting, hesteskokast, vasslekkasjehindring, ro-konkurranse, klatrevegg, 1 - 2 timar, kr 1350 pr gruppe, inkl.premie:1 fl. musserande vin
  2. Heilårsbading i vedfyrt, utandørs badestamp (boblebadestamp) med plass til 11 (når gode vener). Store handkle og 12 badekåper til disposisjon. Grillhytte (16 plassar rundt bålet)like ved til servering og grilling. Der er det 16 ekspl. av Folkehøgskulens songbok, så allsongen har gode vilkår utover natta! Kr 1250 pr gruppe, inkl. oppfyring i grillhytte.
  3. Fullstendig lagstyrkingsopplegg basert på utfordringar i naturen, teori og praktiske øvingar. Tone Reiten skreddarsyr eit opplegg. 
  4. Lagbygging og gruppedynamikk. Øving i å samarbeide med ulike mennesketyper. V/amanuensis Dag Aanderaa. 2 - 4 timar, kr 840 pr time. (Sjå spesifikasjon)
  5. Hardingfeleinnslag. 15 min. kr 1200
  6. Hardingfele, kveding, teledans. Seljord Spelemannslag. 45 - 60 min., kr 2000 - 5000 (Sjå spesifikasjon)
  7. Ølsmaking med sju slag øl frå Fjellbryggeriet. Kr. 200 pr. person.
  8. Hot Stone massasje. 60 minuttar. V/ terapeut Anette Forsdal Halvorsen. Kr 750 pr person. (Sjå spesifikasjon under)
  9. Lyrikk og musikk om natur og mysterium. 20 - 45 min., kr 1500. (Sjå spesifikasjon)
  10. Konsert: Ragtime-Beatles-klassisk. Profesjonell gruppe. 30 - 45 min,  (Sjå spesifikasjon)
  11. Konsert: Folkemusikktrioen "Glima"(Sjå spesifikasjon)
  12. Konsert: RAM-JAM. Allsidig profesjonell gruppe,  (Sjå spesifikasjon)
  13. Konsert: SPUTNIK m/Vivian. Inntil 45 min., 
  14. Konsert: Viser frå norsk natur og kvardag, kåseri. Anne Grimstad Fjeld, .(Sjå http://www.formidleren.no/anne_grimstad%20_fjeld.htm)
  15. Barneprogram: Seljeåsen (Frå NRK-barne-TV) Anne Grimstad Fjeld. kr 2000.(Sjå http://www.formidleren.no/anne_grimstad%20_fjeld.htm)
  16. Allsidig musikk til dans. Einmannsorkester. Kr 5000 - 7000 for kvelden.
  17. Lære å danse telegangar til hardingfele. 1 time, kr 2200
  18. Lære å bake flatbrød (braud) og lefse (kling), kr 700 pr time. Max 6 deltakarar
  19. Lære skinnarbeid eller plantefarging,
  20. Lære å lage knivskaft og slire, 3 x 4 timar,
  21. Å lage berre knivskaftet: 3 timar. Max. 8 deltakarar. Får ferdig knivblad og slire. Materialkostnad og undervisning:
  22. Fossegrimsafari. Guida folkloretur til fossen i Kjøtåi, 2 km. Kaste ut kjøtbein til vasstrollet Fossegrimen og høyre han spela hardingfele i fossen. 90 minuttar. Kr 400 pr gruppe. Ein kan også ta med ein spelemann med hardingfele. Han/ho vil då spela dei same slåttane som Fossegrimen. Då blir det eit tillegg på kr 1200.

Aktivitetar i omegnen

  1. Galleribesøk hos målaren Ellen Grøstad Barstad på Nutheim. 3 km. Kr 60 pr person
  2. Besøk i Eva Bull Holtes biletgalleri, Åmotsdal. 20 km.
  3. Besøk i Seljord Kunstforenings "Kunstlåve", Seljord. 16 km
  4. Telespinn i Svartdal, 5 km. Hekling av sitjeunderlag. Høve til å handle garn og strikkevarer av Mohairgeit-ull.
  5. Åmotsdal handverksutsal. 15 km
  6. Norsk Skieventyr, Morgedal. 30 km
  7. Knivmakar Astrid Espelid, Svartdal. 6 km
  8. Ridesenter. 15 km
  9. Fisking i Seljordsvatnet. Fiskekort kr 15. 16 km.
  10. Alpinanlegg, Rauland. 50 km
  11. Telemarkskanalen, "Victoria" og "Henrik Ibsen". Kviteseid. 35 km
  12. Gudsteneste i Flatdal kyrkje kvar fjerde sundag kl. 11.

Spesifikasjonar:

4. Lagbygging og gruppedynamikk.
Litt teori om menneskeleg væremåte. Gruppeoppgåve basert på å finne gode sider ved vanskelege mennesketyper. Drøfting av fordomar. Øvingsoppgåve med å rangere fiktive personar etter kva for sympati vi har for deira handlingar. Også opplæring og praksis i gruppedynamikk. Faglærar: Amanuensis Dag Aanderaa.

6. Seljord spelemannslag.
7 - 15 hardingfelespelarar. Spelar lokale slåttar, springar og gangar samt gamaldansslåttar på¨hardingfele. Dersom det er ynskjeleg kan dei by på kveding og framsyning av dans med eit dansepar som syner gangar og springar. Kan også lære bort gangar og spele til dans. Leiar i laget: Torunn Raftevold Rue.
Laget er eit idealistisk tiltak som gjer mykje for å få ungdom til å drive med folkemusikk. Vi oppmodar difor til sponsing utover grunnprisen.

8. Hot Stone Massasje.
Vi kan nå tilby gjestene våre Hot Stone Massasje. Dette er ein djup massasje med varme vulkanske steinar, som løyser opp stiv muskulatur, aukar blodsirkulasjonen og frigjer avfallstoffar. Ei god  og avslappande behandling som foregår i ein roleg og stemningsfull atmosfære på vakre Uppigard Natadal. Ein velfortjent pause i kvardagen? Ei god oppleving for kropp og sjel. Velkomen! Massør/terapeut Anette Forsdal Halvorsen, utdanna ved Balanz terapi/sunnheit/velvære.    60 minuttar, kr 750. Må tingast i god tid på førehand.

9. Lyrikk og musikk.
Samansett program av allsidig kunstnar, Bente Lindvig. Kåseri, lyrikk og musikk (piano, fløyte, kveding) om mysterium og natur.

10. Ragtime - Beatles - klassisk.
Konsert med profesjonelle musikarar, utdanna ved musikkhøgskolen. Ragtime, Beatles-epoke-musikk og klassisk med eigen vri. Med Trond Lindheim (klaver), Oddbjørn Aase (trekkspel, perkusjon, gitar) og Gunn Aase (trompet, song).

11. Glima

Profesjonell folkesmusikktrio som spelar norsk folkemusikk, mest frå Telemark og

Vestlandet i eigne arrangement. Både som konsert og til dans.

Med Torunn Raftevold Rue (hardingfele, flatfele), Ragnhild Knudsen (bratsj, hardingfele) og Helene Waage (cello, kveding).

12. RAM-JAM

Profesjonell gruppe som spelar finsk tango, sigøynermusikk, "Riverdance", Balkan, norsk folkemusikk, Evert Taube, sving osb. "Alt-mogleg-band" som skaper liv og treffer hos både unge og gamle. Konsert og/eller dansespel.

Med Vidar Ytre-Arne ( fiolin, el-bass), Ragnhild Knudsen (bratsj, hardingfele), Helene Waage (cello, vokal) og Oddbjørn Aase (trekkspel, gitar).



Klikk her for utskriftsvenleg versjon