Siste nytt frå Uppigard Natadal

Sterke-Nils-prisen
Fredag 1. mars 2013 fekk Uppigard Natadal Seljord Næringslags Sterke-Nils-pris under ei tilstelling på Nutheim Gjestgiveri.

Sofie er selt.
Shetlandsponnien Mikka var gamal og senil, så ho er nok no å finne som La Sagne. Eselet Sofie ville då bli så åleine at vi har selt henne til ein gard i Hof i Vestfold der dei har Fjordingshest.

Kåseri frå Natadal.
Dag Aanderaa var med i NRK-P2s faste gruppe av morgonkåsørar og har hatt kåseri i 2010: 22. og 23. mars, 15. og 16. juni, 20. og 21. september og 6. og 7. desember. I 2011: 26. januar, 10. og 11. mars, 30. og 31. mai, 1. - 5. august samt 31. oktober og 1. november. Kåseria hadde som kjennemerke "Sett frå Bursloftet" som då er synonymt med Natadal. Mykje av innhaldet er basert på dei same segnene som blir fortalt under besøk på Uppigard Natadal.

Romantisk stad
Reisemagasinet "Reiser&ferie" har kåra Uppigard Natadal til ein av Noregs 10 mest romantiske stader. Sjå denne linken: http://www.reiserogferie.no/index.php?option=com_content&task=view&id=399&Itemid=1

Avisa Varden omtalte det slik: http://www.varden.no/article/20090424/NYHET/612880607/1198/NYHET14

Norsk Ukeblad nr 18/2009, 27. april 2009 omtalte også Uppigard Natadal som ein av åtte romantiske stader i landet.

 Kulturtur/jentetur
Det er for tida mange som vil til Natadal på kulturtur. Vi har difor laga ferdige pakker som er gunstige for grupper mellom 10 og 20 personar. Klikk på Jentetur/kulturtur.

Pussig hending i Paris
Vertskapet, Mette og Dag, var nyleg i Paris. På hotellet møtte vi eit amerikansk ektepar som stolt fortalte oss at dei hadde vore i Noreg.
Før vi fekk fortalt kvar vi kom frå, kunne dei fortelje at dei hadde vore på ein gard nær vatnet med sjøorm i. Vidare kunne dei referere frå kåseriet til verten. Då var det enkelt å fortelje at dei nok hadde vore hjå oss på Uppigard Natadal.

Dag Aanderaas tale ved Hermannsbauten i Seljord, 17.mai 08.

(Reist 1914, til minne om hermenn frå Seljord som forsvarte landet 1807 – 1814)

 

Merkeleg bauta og merkeleg krig.

Bautaen er nasjonsbygging etter 1905, framhald frå 1814. 100-årsjubileum. Lojale seljordingar, i motsetnad til bondeopprøret i 1540, då var dei stridbare.

Noreg eigenleg ikkje interessert i krigen, hadde godt forhold til Sverige.

Lojale med Danmark-Norge, og godtok krigen for Sverige var alliert

                med England, og dei blokkerte Skagerrak, kornmangel, naud.

            Sende soldatar til svenskegrensa, Danmark ville ha Skåne.

Området rundt bautaen er ein viktig plass i Seljord – tusenårstaden – kyrkja – Landstadmonumentet - gapestokkplassen på Tremerrhaugen -  Sterke-Nils-steinen og Bringsås som hyste tussen Skåne Bringsås.

Kyrkjegarden, prestesonen, seinare kapellan. H.J.Wille, 1770-åra, gymnasiast i Danmark og hadde med seg fosfor, som han smurde på seg som eit skjelett. Gøymde seg bak kyrkjegardsmuren og skræmde vitet av lensmannen.

Området er viktig også i framtida, sentralt i prosjektet ”Grøne Seljord og sogene”, det blir turveg rett nedanfor her, og her får vi dei viktigaste sogene.

Her er det Seljordspelet no har sine sogespel, i år med ”Kven skal nord i Trollebotn---”, og Sigurd Telnes skal ha kyrkjegardsvandring før spelet.

Bak her budde tussen Skåne Bringsås som bygde Seljordskyrkja for heilag Olav. Den soga høyrde Henrik Ibsen av ein flaskevaskar ved apoteket i Grimstad, han heitte Svein Fjellmann og var frå Seljord. Og soga blei til skodespelet ”Bygmester Solness”. Kan hende ein dag vil det koma eit Seljordspel som kombinerer Ibsenstykket med soga?

Då har vi ein turistattraksjon som kan konkurrere med Peer Gynt på Gålå!

Kvifor berre ei kyrkje her? Det manglar faktisk ei, ho som var vigd til bygdeheilagmennet Tarald (gravlagd her), stod 20 steg mot søraust frå Olavskyrkja, brukt av tyske bergmenn, teken av lynet før år 1600.

Ja, men så bygg ei systerkyrkje til Olavskyrkja då! På tomta ved sida av vegen.

Når kommunen ikkje lenger ser seg råd til å vedlikehalde Mandal kapell og vil selje det, så flytt kapellet hit og bygg det ut til ei storkyrkje med arbeidskyrkje i underetasjen!

Vi er ikkje snaue i Seljord, vi tenkjer stort, det har gjeve mange resultat, og vi er best på mange område. Difor må vi sanne slagordet: Seljordt er velgjort!

 

 

 



Klikk her for utskriftsvenleg versjon