Kansellering Kansellering før seks veker (Helger i juni, juli og august:12 veker) til tilskiping: Administrasjonsgebyr på kr 300.- Kansellering 6 - 2 veker (Helger i juni, juli og august: 12 veker) før: Kunden må betale 25% Kansellering 13 - 1 dag før: Kunden må betale 50% Kansellering same dag eller ikkje møtt (No show): Kunden må betale 100%
I visse tilfelle kan det bli aktuelt å fråvike desse vilkåra på grunn av innsparte råvarer eller nye gjester.
AVBESTILLINGSFORSIKRING Innan 6 dagar etter mottatt ordre er det høve til å teikne avbestillingsforsikring som gjeld ved legeattestert sjukdom og force majeure. Pris for denne er 3.5% av ordresummen utan drikke.
BETALING Som regel må 50% av grunnprisen for ei tilskiping betalast ein månad på førehand etter faktura. Restbetaling skjer med kontantar eller bankkort - ikkje kredittkort. Store bedrifter kan få faktura med forfall etter ti dagar. Utanlandske gjester må hugse å ta med kontantar sidan vi ikkje tek utanlandske bankkort.
ALKOHOL Selskapsarrangørar bør informere gjestene sine om at vi er underlagt skjenkeløyvelovgjevinga. Det vil seie at det ikkje er høve til å nyte eigen alkoholhaldig drikke i selskapslokala, i badestampen eller ute på tunet.
Leverandørvilkår: Uppigard Natadal vil returnere fakturaar som ikkje som ikkje oppfyller statens krav for kva som skal stå på ein faktura. Ordrestadfesting skal sendast over epost til: dag@natadal.no Leverandørar som sender purring på ein faktura som er betalt, eller som ikkje er sendt, må betale for vår kostnad med rekneskapskontoret, til vanleg kr 500,-. Faktura blir sendt. Administrasjonsgebyr, leveringsgebyr og/eller fakturagebyr blir ikkje godteke. / Administration fee and invoice fee not accepted.
UPPIGARD NATADAL, 3841 FLATDAL Vertskap: Mette og Dag Aanderaa
Tlf.: 350 65 900 - faks: 350 65 901 - Mobil: 906 06 100 - Bankgiro: 2711.05.06568 Organisasjonsnr: 969 442 299 MVA - E-post:dag@natadal.no
|